| SVERD |  DOLK | SPYDØKS | RAKEKNIVAR | SMYKKEJERNALDERSMYKKE | YOU TUBE

Du er her: startside > bronse > øks

 

Mod. ÖTZI. Replika støypt etter mønster av øksa til ismannen frå Alpene. Dette var ei øks av dei aller eldste randlistøksene. Øksa til Ötzi hadde berre låge lister langs kantane, og er tidfest tl kring 3300 f.Kr. Replikaen er støypt i bortimot rein kopar, slik som øksa til Ötzi. Det skulle gå 1500 år før bronse, legeringa av tinn og kopar, vart vanleg i Europa. Lengd: 9,5 cm.

Pris: 950,- NOK

 

 

 

 

Mod. HÅHEIM. Replika av ei randlistøks av den såkalla "Håheim-Steine" typen, etter mønster frå ei øks funne på Håheim, Stryn k., Sogn og Fjordane. Desse er mellom dei eldste metalløksene i Noreg, frå byrjinga av bronsealderen periode Ia (1700-1600 f.Kr.), og var særskilt populære mellom Sogn og Trøndelag. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: 16 cm.

Pris: 1050,- NOK

Mod. UNDERÅRE. Replika av ei randlistøks av den såkalla "Underåre" typen. Desse er tidfeste til bronsealderen periode Ib (1600-1500 f.Kr.). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: .

Pris: 850,- NOK.

Mod. AVSATS B. Replika av ei avsatsøks. Desse er tidfeste til bronsealderen periode II (1500-1300 f.Kr.). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: .

Pris: 950,- NOK.

Mod. AVSATS A. Replika av ei avsatsøks. Desse er tidfeste til bronsealderen periode II (1500-1300 f.Kr.). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: .

Pris: 1050,- NOK.

   

Replika av holkøks, støypt etter mønster frå ei støypeform i kleberstein frå Skjeldestad, Sogndal k., Sogn og Fjordane. Form og dekor plasserar øksa i periode IV i bronsealderen (1100-900 f.Kr.). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: 6cm.

Pris: 950,- NOK.

Replika av holkøks, støypt etter mønster frå ei øks frå Bråten, Hov, Hurum k., Buskerud. Forma plasserar øksa i yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: 5,8 cm

YOU TUBE Sjå Bråtenøksa som del av mannskostyme på You Tube.

Pris: 800,- NOK

Replika av den såkalla "Norske Mälardalsøksa", etter mønster frå ei øks funne i Rosendal, Kvinnherad k., Hordaland. Dette er truleg det første "norske" designet i metall, frå periode V i bronsealderen (900-700 f.Kr.). Det er funne heile 10 økser og ei støypeform av denne typen i Noreg, berre ei utanlands (Bornholm). Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: 12,8 cm.

Pris: 1250,- NOK.

 

   

 

 

Ørjan Engedal
Adr: 6953 Leirvik i Sogn   |   Tlf: 91 32 94 17   |    E-post: engedal@gmail.com     |    Org.nr: 987 471 093