| BRONSE | TENESTER | ANDRE REPLIKA | LITTERATUR | LEKKJER | KONTAKT | YOU TUBE

Du er her: startside > andre replika > tekstil > kvinnedrakt

Kvinnedraktene frå bronsealder

 

Kvinnedrakta

Kvinnedrakta hadde to hovuddelar som me har relativt god kjennskap til: ein overdel eller skjorte og ein underdel eller skjørt. Medan skjortene synest å vere einsarta synest to heilt ulike underdelar å ha vore i bruk. Det eine var eit lårkort snorskjørt, nærast eit bastskjørt i ull. Det andre eit rektangulært stykke tekstil brukt som eit fotsidt omslagskjørt. I tillegg har alle draktene eit langt vove ullbelte med dusk.

Skjorta

Tre kvinneskjorter er bevarte, frå Egtved, Borum Eshøj og Skydstrup, og alle tre er laga etter same prinsippet: ein poncho med halsopning og korte erme, sydd saman på ryggen og under ermene. Alle tre skjortene er i tillegg forlenga nedetter med påsydde lappar.

Snorskjørtet

Snorskjørtet har i livet eit belte vove i toskaft. Isletten går fritt ut frå beltet og to og to islettar er tvinna saman til ei snor, og kvar snor har tilsydd ein ring nedst til avslutting. Snorene er nedst, rett over ringane, veva saman med nokre få renningstrådar i noko som minner om brikkevev. På replikaskjørtet er nokre modifikasjonar gjort for å få senke prisen. Det karakteristiske ved orginalen frå Egtved er likevel tilstades: det vovne livet (toskaft) med oversydd rand øvst, snorene, og filta ringar nedst. Replikaskjørtet vert laga i ekte norsk villsauull.

Det lange skjørtet

Det lange skjørtet, truleg også brukt som teppe, er eit enkelt rektangulært plagg. Det er storleiken, 1.20m x 1.80m som gjer dette til eit kostesamt plagg.

Beltet

Både kvinner og menn kunne bere lange ullbelte vovne i toskaft med duskar i endane.

Prinsippet bak duskane har mykje til felles med snorskjørtet. Kvaliteten på orginalane varierar stort: frå det enkle og grove beltet til Egtvedjenta til praktstykket til Borum Eshøjkvinna.

 

Ørjan Engedal
Adr: 6953 Leirvik i Sogn   |   Tlf: 91 32 94 17   |    E-post: engedal@gmail.com     |    Org.nr: 987 471 093