| BRONSE | TENESTER | ANDRE REPLIKA | LITTERATUR | LEKKJER | KONTAKT |

Du er her: startside > andre replika > tekstil > mannsdrakt

Mannsdraktene frå bronsealder

 

Mannsdrakta

Mannsdrakta hadde to hovuddelar som me har relativt god kjennskap til: ein tunika eller kofte og ei kappe. Kappa er nyreforma eller oval medan kofta er nærast rektangulær med snippar i dei øvre hjørna.

Kofta

Koftene har truleg hatt påsydde lærsnorer som kunne festast i knappar av bein eller

bronse. I tillegg kunne kofta lukkast framme med ei spenne.

Kappa

Kappa er eit stort plagg, nærare 2,5m lang. Dette gjer til at kappereplika berre vert levert i fabrikkvove ty. Kappa kan lukkast framme med to spenner, dobbelknappar eller tutulusar.

Hua

Huene frå bronsealderen varierar noko. Dei er ofte mykje tova, ofte samansydde av mange mindre stykke, og tidvis påsydde eit tett lag med floss på utsida. Replikahuene er utan floss, men tjukke med fleire lag stoff.

Beltet

Mannsdrakta kan sjølvsagt utstyrast med ullbelte, men i tilfelle der eit komplett sett inneheld sverd vert beltet eit lærbelte med sverdoppheng.

 

 

 

 

Ørjan Engedal
Adr: 6953 Leirvik i Sogn   |   Tlf: 91 32 94 17   |    E-post: engedal@gmail.com     |    Org.nr: 987 471 093