| BRONSE | TENESTER | ANDRE REPLIKA | LITTERATUR | LEKKJER | KONTAKT | YOU TUBE

Du er her: startside > andre replika > tekstilreplika

Sjå draktene på YOU TUBE

 

Draktene er i all hovudsak basert på tekstilane frå dei danske eikkistegravene frå eldre bronsealder, særskilt Egtved, Borum Eshøj, Skydstrup, Muldbjerg og Trindhøj. På Nationalmuseet i Københamn sine vevsider kan du no sjå orginalane i ny høgoppløyseleg biletteknologi (Møder med Danmarks oldtid). Desse var alle laga av naturfarga ull vovne i såkalla toskaft eller lerret. Plagga var i tillegg tova eller valka, nokre mykje og andre nesten ikkje i det heile. Kvinneskjortene var lite eller ikkje tova medan mannskappene var særs tova. Desse framgangsmåtane gjer til at dei bevarte bronsealdertekstilane har ein heilt særeigen struktur som er vanskeleg å yte rettferd med stoff som er i handelen i dag. Nordisk bronsereplika tilbyr draktene i to ulike stoffkvalitetar. Den eine er eit toskaft stoff vove for hand – ikkje ulikt slik det vart gjort i bronsealderen. Renning og islett er i 100% norsk ull. Dette stoffet er laust vove, med noko av det ujamne og assymetriske som er typisk for orginalane. Skjorta til jenta frå Egtved hadde til dømes berre 25 trådar på 10cm.

| Kvinnedrakter | Mannsdrakter |

Handvove ullstoff.

Fabrikkvove, tova/valka ullstoff.

Det andre stoffet er fabrikkvove ullstoff som er tova og valka slik at vevestrukturen ikkje synest. Dette er eit mykje rimelegare alternativ til det handvovne stoffet.

 

Det er ikkje funne spor av fargepigment frå kunstig farging i bronsealdertekstilane. Dei er i hovudsak brune, mørkebrune og med parti som hellar nesten mot svart. Unntaka er bruk av lys ull, eller endåtil kvit, i beltet til kvinna frå Borum Eshøj, og skjørtet til kvinna frå Borremose frå yngre bronsealder. Truleg sorterte ein ulla etter farge før spinning, og dei ulike nyansane kunne brukast for å skape kontrastar og fargespel. Tekstilreplikane vert laga i brunt og naturkvit (medgråsvarte spettar).

 

 

 

 

 

 

Ørjan Engedal
Adr: 6953 Leirvik i Sogn   |   Tlf: 91 32 94 17   |    E-post: engedal@gmail.com     |    Org.nr: 987 471 093