| SVERD |  DOLK | SPYD | ØKS | RAKEKNIVAR | SMYKKEJERNALDERSMYKKE | YOU TUBE

Du er her: startside > bronse > sverd

 

MOD. ”BLINDHEIM”. 1600 F.KR., HOLKGREPSVERD. Etter mønster frå original funne på Blindheim, Ålesund k., Møre og Romsdal. Dette er det eldste sverdet i Noreg, og er mellom dei første europeiske bronsesverda. Dekorert klinge og grep, toppen av grepet i eik. Lengd: 58 cm.

YOU TUBE Sjå replika av Blindheimsverdet på You Tube.

Pris: kr. 8500,- NOK.

MOD. ”MADLA”. 1500-1300 F.KR., ÅTTEKANTGREPSVERD. Etter mønster frå original funne på Madla, Stavanger k., Rogaland; grep i bronse med dekor, lengde 71 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen.

YOU TUBE Sjå replika av Madlasverdet på You Tube.

Pris: kr 7500,- NOK.

MOD. ”MEBERG”. 1300-1100 F.KR., FULLGREPSVERD MED INNLEGG. Etter mønster frå original funne på Meberg, Vest-Agder; grep i bronse med dekor og bekinnlegg, lengde 62 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen.

Pris: kr 7500,- NOK.

 

MOD. ”HØYLAND”. 1300-1100 F.KR., GREPTUNGESVERD. Etter mønster frå original funne i Høylandsvatnet, Rogaland; grepplater i tre eller beinimitasjon, stor grepknapp tre, lengde 74 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen.

Pris: kr 6500,- NOK

MOD. ”GOMNES”. 1300-1100 F.KR., GREPTUNGESVERD. Etter mønster frå original funne på Gomnes, Hole, Buskerud; grepplater i eik. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Lengd: 58 cm

YOU TUBE Sjå Gomnessverd med komplett sverdbelte på You Tube.

Pris: kr 6500,- NOK

MOD. ”EIA”. 1100 F.KR., FULLGREPSVERD. Etter mønster frå original funne på Eia, Sokndal k., Rogaland. Typen vert kalla "Dreiwulstschwert" etter dei tre vulstane på grepet. Grepet er elles rikt dekorert med flettebandsmønster. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr. 9000,-NOK.

MOD. ”ULSTEIN”. 900-700 F.KR., GREPSPISSVERD. Etter mønster frå original funne i Ulstein, Møre & Romsdal; grep i tre, lengde 74 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen.

Pris: kr 5000,- NOK.

MOD. ”LEKVE”. 700-500 F.KR., GREPTUNGESVERD. Etter mønster frå original funne i Lekve, Hordaland; grepplater i tre eller beinimitasjon, lengde 82 cm (Teikning av orginal, etter Rygh).

Pris: kr. 7000,- NOK.

 

 

 

 

 

MOD. ”JÅSUND”. 1300-1100 F.KR., FULLGREPSVERD MED INNLEGG. Etter mønster frå original funne på Jåsund, Sola k., Rogaland. Grep i bronse med dekor og bekinnlegg, lengde 86 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr 9000,- NOK.

 

MOD. ”HODNE”. 1300-1100 F.KR., FULLGREPSVERD MED INNLEGG. Etter mønster frå original funne på Hodne, Klepp k., Rogaland. Grep i bronse med dekor og bekinnlegg, lengde 63 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr 9000,- NOK.

 

MOD. ”TONNES-HOLAN”. 1300-1100 F.KR., GREPTUNGESVERD MED BRONSEKNAPP. Etter mønster frå original funne på Tonnes-Holan, Steinkjer k., Nord-Trøndelag. Grep i tre med bronseknapp, grepet nagla til klinga, lengde 63 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr 6500,- NOK.

 

MOD. ”REHEIA”. 1300-1100 F.KR., FULLGREPSSVERD MED LAMELLAR OG INNLEGG. Etter mønster frå original funne på Bø, på Reheia, Karmøy k., Rogaland. Midtdelen av grepet er sett saman av plater av bronse og bein/bek, lagde vekselvis. Lengde 69 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr 9000,- NOK.

 

MOD. ”RIMBAREID”. 1300-1100 F.KR., GREPSPISSVERD MED KNAPP OG UNDERHJALT I BRONSE. Etter mønster frå original funne på Rimbareid, Fitjar k., Hordaland. Midtdelen av grepet er av tre. Lengde 55 cm. Replikaen er støypt i tinnbronse, 88% kopar og 12% tinn, ei vanleg legering i bronsealderen. Teikning av orginalfunnet (Ø. Engedal 2010).

Pris: kr 7000,-NOK.

 
 

 

 

 

Ørjan Engedal
Adr: 6953 Leirvik i Sogn   |   Tlf: 91 32 94 17   |    E-post: engedal@gmail.com     |    Org.nr: 987 471 093